Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bergen Katedralskole si eldre boksamling

Den eldre boksamlinga består av ca. 10000 bind og heldt til i 3.etg i N-bygget.

Samlinga har mykje eldre litteratur, særleg er den teologiske avdelinga fyldig. Samlinga inneheld ein del bøker frå 1500-, 1600- og 1700-talet som skulen har fått som gåver. Det er registrert at kjøpmann Frederik Fosswinckel i 1749 kjøpte viseborgermester Garboes juridiske bibliotek på 70 bind for 200 speciedaler, og gav det til skulen som betaling for å sleppe offentlege verv i byen. Dette var i rektor Boalts tid, og rektoren har kanskje sett på samlinga som lite eigna til skulebibliotek, og bytt eller selt ein del mot å få inn den klassiske, latinske litteraturen. Biskop Hagerup skal og ha forsynt biblioteket med filologisk og teologisk litteratur. Dette ser vi og av bøkene i dag, det er stadig biskop Hagerup sitt namn i dei eldre bøkene, og likeins stempel frå Garboe. Ved rektor Arentz sin avgang i 1825 skal biblioteket hatt 362 bind. Dette vart kraftig auka i dei komande åra. 

Seminarium Fredericianum, som vart oppretta som ein høgre realskule i 1750, fekk og gåver. I 1774 fortel Claus Frimann at biblioteket der var på 1200 bind. Dette vart overført til skulen då seminaret vart nedlagt midt på 1800-talet. I rektor Holmboe si fyrste tid kom det og bokgåver frå kyrkjedepartementet, og frå 1845 kom det ein fast årleg sum til bokkjøp. Av signaturar i bøkene ser vi at skulen sine rektorar (særleg Arentz og Henrichsen) har gjeve bokgåver, men og borgarar i byen og geistlege embetsmenn har bidrege. I 1940 er det registrert om lag 10.000 bind.

Boksamlinga var i mangel av eigna rom i mange år dårleg lagra, men i 1980-åra tok rektor Lysne affære. Han fekk ved hjelp av Universitetsbiblioteket teke vare på dei gamle bøkene og fekk laga ein katalog over heile samlinga. I nybygget frå 1991 fekk boksamlinga ei verdig plassering i klimatiserte lokal.

Frå 2013 har Jan Støren, som er pensjonert assisterande rektor, gjeve seg i kast med å overføre katalogen til det systemet som vert nytta for skulebibliotek elles, slik at katalogen er søkbar på Internett. Ein del er registrert, men det står ennå mykje att. Det vert førebels ikkje lånt ut bøker frå dette biblioteket, utan etter spesiell avtale med rektor.

Søk i Bergen Katedralskole si historiske samling

Søketips: Ved å setje inn bok som søkeord får ein opp alle boktitlar og tidsskrift som er lagt inn til nå.