Informasjonssøking, kjeldekritikk og referanseteknikk
Når du skal løyse ei oppgåve er det viktig å finne gode informasjonskjelder. Det er også viktig å kunne vurdere om informasjonskjeldene dine er pålitelege, og å vite korleis du skal vise til dei i oppgåva di.
Det er ikkje lov å berre kopiere arbeid som andre har gjort, men det går an å bruke andre sine tekstar utan å plagiere. Det står meir om dette på vår side om informasjonskjelder og kjeldebruk.