Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skolefinale i Ta ordet

Vinnar Kapila Thabotharan og rektor Lise Holsen
Rektor Lise Holsen var strålande nøgd med talen til vinnar Kapila Thabotharan.

Onsdag 18. september gjekk den årlege Katten-finalen i «Ta ordet» av stabelen. Tradisjonen tro blei det strålande oppvisning i talekunst

Ta ordet! 2019 er ein konkurranse for elevar i vgs om å halde den beste talen. 

Arrangementet fekk som seg hør og bør ei høgtidleg opning med treffande talar av primus motor for talekunst på Katten, Øystein Longva, og rektor Lise Holsen.

Øystein Longva er primus motor for Ta ordet-konkurransen på Bergen Katedralskole
Øystein Longva er primus motor for Ta ordet-konkurransen på Bergen Katedralskole.

Så var det klart for hovudpersonene, åtte modige elevar som skulle framføre talen sin framfor ein full gymsal og eit panel beståande av fire myndige dommarar.

Dommarpanelet
Dommarpanelet. Strenge, men rettferdige.
Spente finalistar og eit stort publikum
Spente finalistar, med eit stort publikum i ryggen.

Temaet var ‘glede’ og vi fekk høyre åtte forskjellige og interessante tekstar. Alle talane blei framført med beundringsverdig retorisk teft, stødighet og flott kontakt med salen. Straks etter siste talar blei det kviskra i gangane: det var høgt nivå i år!

Kapila Thabotharan imponerte mest og vann finalen.
Kapila Thabotharan imponerte mest og vann finalen.
Fakhir Wahla imponerte og stakk av med andreplassen.
Fakhir Wahla imponerte og stakk av med andreplassen.
I den sterke konkurransen var det Shalo Gudeto som stod igjen som nummer tre.
I den sterke konkurransen var det Shalo Gudeto som stod igjen som nummer tre.

Finaletalarane var Mikael Takle, Julie Ask, Linn Jørgensen Baardsen, Runa Ripel, Frøya Kjepso, Fakhir Wahla, Shalo Gudeto og Kapila Thabotharan. Det var sistnemnte, Kapila, som imponerte juryen mest og stakk av med sigeren. Ho skal no til den landsdekkande retorikkwokshopen og semifinalen.

Juryformann Gunnar Fjon og resten av juryen var imponerte over det høge nivået.
Juryformann Gunnar Fjon og resten av juryen var imponerte over det høge nivået.

Vi takkar alle elevane som har deltatt og lovar at vi skal halde liv i denne flotte tradisjonen!

No kryssar vi fingrane for vår kandidat i semifinalen!