Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

På tampen av skoleåret 2018-2019

CanSat - Mest profesjonelle - Cathmosphere.jpg

Slutten av eit skoleåret er alltid ei travel tid og skoleåret 2018/2019 var ikkje noko unntak. Litt av det som skjedde var besøk av samarbeidsskolane i ErasmusPlus-prosjektet More Powerful Together, besøk av elevar og lærarar frå Spania, avslutning for vg3-klassane og Cathmosphere si deltaking i den europeiske CanSat-finalen i Bologna.

More Powerful Together - 20.-24. mai

Gruppebilde på Fløyen av deltakarane i More Powerful Together.
Dei to siste skoleåra har Bergen Katedralskole deltatt i inkluderings- og antidiskrimineringsprosjektet More Powerful Together støtta av Erasmus Plus. I mai var det Katten sin tur til å vere vertskap for gjestane frå Inonu Ortaokulu i Tyrkia, Collège Mongaillard frå den franske øya Reunion og Littlehampton Academy frå England. Gjestane fekk mange fine dagar, men vi klarte sjølvsagt å få vist dei litt ekte bergensvér og. Foto: Aslıhan Davarcı
Bilete til fotoustillinga til More Powerful Together
Elevane si hovudoppgåve i Bergen var å ta bilde av og intervjue kvarandre. Resultatet blei ei fotoutstilling som skal stillast ut på alle dei fire skulane. Elevane gjorde ein strålande jobb og utstillinga blei flott. Foto: Aslıhan Davarcı

 

Besøk frå partnarskolen Asti-Leku Ikastola frå Spania - 10.-14. juni

Tur over Vidden med den spanske skolen Asti-Leku Ikastola
Besøket frå Spania gav våre elevar rikeleg høve til å praktisere spansken sin i mange situasjonar. Dei spanske elevane fekk praktisere litt engelsk og dei fekk også sett litt av Hordaland. Sidan vi igjen hadde klart å legge fjellturen til den våtaste dagen i veka, så fekk dei kanskje sett litt mindre av Vidden enn det som eigentleg var tenkt. Rapporten sa at dei uansett hadde hatt ein fin tur. Foto: Astrid Faugstad
Spanskgjengen ved Skjervsfossen
Ein busstur rundt i Hordaland vart det også tid til. Skjervsfossen er alltids verd eit besøk. Fot: Vilde Tingleff

Avslutning for vg3 i Terminus Hall - 18. juni

Rektor Lise Holsen på avslutninga for vg3
Det var ein stolt rektor Lise Holsen som gratulerte avgangselevane med å ha fullført vidaregåande skole. Foto: Caspar W. Hatlevik
Terminus Hall var fylt til randen av elevar og foreldre
Terminus Hall var fylt til randen av stolte elevar, familiar og tilsette. Foto: Caspar W. Hatlevik

Cathmosphere i Europafinalen - 24.-28. juni

CanSat-bygging i Italia
For Katten sitt CanSat-lag Cathmosphere slutta skoleåret litt seinare enn for dei andre elevane. Belønninga for å vinne den norske CanSat-finalen var å få delta i European Space Agency (ESA) sin store CanSat-finale i Italia. Saman med lærar Andreas Hellesøy fekk Ulrik, Astrid Sofie, Lars Kristian og Sofie ei skikkeleg oppgåve å bryne seg på då CanSat'en forsvann saman med bagasjen på veg frå Bergen til Bologna. Belønninga for å klare å bygge ein heilt ny og fungerande CanSat i Italia var prisen for mest profesjonelle lag. Foto: Cathmosphere
Catmosphere vann prisen for mest profesjonelle lag
Catmosphere var godt nøgde med å vinne profesjonalitetsprisen og veldig klare til å få litt sommarferie. Foto: ESA