Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kattenelevar vann 1.pris i open klasse i Ocean Space Race på NTNU

54436921_2199357816788919_3324004842552164352_o.jpg

14. – 15. mars deltok 11 elever i programfaget Teknologi og forskningslære på Katten på NTNU sin årlege konkurranse «Ocean Space Race». Her konkurrerer elevar frå heile landet i båtdesign.

I Open klasse står elevane fritt til sjølv å bestemme oppdraget og eigenskapane til båten, medan båtane i Skipsdesignklassen er designa og laga etter bestemte kriteria.  

Bergen Katedralskole stilte i år i begge klassar. Karl Nikolai Zieritz, Viktor Manger og Halfdan Hesthammer gjekk av med seieren i Open klasse. Dei har laget ein båt med autonom styring og ein sensor som måler vasstemperatur på ulike djupner. Planen vidare er å la båten tråla Store Lungegårdsvann og sende data tilbake til ein server slik at målingane kan brukast til vidare forskningsprosjekt.

Elevar i programfaget Teknologi og forskningslære på BKS på Ocean Space Race på NTNU

Video frå båten sin testrunde på Lille Lungegårdsvann kan du sjå på Katten si facebookside.