Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kattenstrikk for Kirkens Bymisjon

oransje1.jpg

Det har klirra i strikkepinnar på Katten i haust og nøste med oransje garn har dukka opp over heile skolen. Grunnen er Kirken Bymisjon sin juleaksjon "Gled en som gruer seg til jul" som startar 1.november. Den morgonen blir det hengt opp og delt ut oransje skjerf i byar over heile landet. I år er fleire av desse skjerfa strikka av elevar og tilsette på Bergen Katedralskole.

Skjerfa er til menneske som frys, til menneske som vil vise solidaritet med menneske som frys og opplever utanforskap, og til menneske som vil vise sitt ønske om eit varmt og inkluderande samfunn. Det skal og minne folk om at det bur mange folk i byen som treng å kjenne varme og inkluderande fellesskap. 

katten krohnhagen.00_00_00_00.Still005.jpg

I samband med overleveringa av skjerfa blei klassane 1F og Innføring B invitert til lunsj på Krohnhagen kafé og veksthus. Elevane, assisterande rektor Rita Andenes, kontaktlærar Jan Magnesen og minoritetsrådgjevar Emilie Joner-Andbo fekk god linsesuppe og nyttig informasjon  om Kirkens Bymisjon sitt arbeid frå Raul Barreras. 

katten krohnhagen.00_00_33_17.Still004.jpg
katten krohnhagen.00_00_08_47.Still006.jpg

Mange av elevane har gjort ein stor innsats med strikkinga i haust og det var mange fine skjerf som blei donert. Kanskje nokre av dei ser skjerfa sine igjen 1. november?

katten krohnhagen.00_00_20_07.Still001.jpg
katten krohnhagen.00_00_22_11.Still002.jpg
katten krohnhagen.00_00_24_33.Still003.jpg