Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner og alle prisvinnarane.
Eit av forsommaren sine vakraste eventyr på Bergen Katedralskole er å vere vertskap for utdelinga av Holbergprisen i skolen. I år kom finalistane frå Kirkenes vgs., Kongsberg vgs. og Oslo by steinerskole. Lærarprisen gjekk til Blindern vgs.
Rektor Lise Holsen ønskjer finalistane, vinnarane av lærarprisen, holbergprisvinnar Paul Gilroy, vinnar av Nils Klim-prisen Finnur Dellsén, kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner og andre gjestar hjarteleg velkomne til Bergen Katedralskole. Kattenelev My Therese Falck-Lepsøy "Could have danced all night".Styreleiar i Holbergprisen, Sigmund Grønmo, informerte om Holbergprisen i skolen.
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner kunngjorde prisvinnarane:
Holbergprisvinnar Paul Gilroy var imponert over det flotte arbeidet prisvinnarane hadde lagt ned. Ansvarleg for Holbergprisen i skolen, Hilde Omdalsmoen Fidje, takka juryen for arbeidet.Juryleiar Mette Andersson frå UiO informerte om årets elevprosjekt og takka resten av juryen for arbeidet. Med i juryen var elles Ketil Zachariassen frå UiT, Kari Ingebrigtsen frå Kongsbakken vgs., Stine Helena Bang Svendsen frå NTNU og Sveinung Arnesen frå NORCE og UiB.