Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Debatt med elevar i Ghana

ghanadebatt.jpg

Tore Eikelands Legat, som Katten støttar i årets solidaritetsaksjon, gjør det mogleg å drive debattklubbar for seks vidaregåande skular i Ghana. Torsdag 17.januar fekk dei debattere med debattlaget på Bergen Katedralskole vis Skype.

Torsdag 17. januar blei det overført ein debatt via skype der elevar som går på vidaregåande skule i Ghana deltok saman med debattlaget til Katten.  Tema som blei diskutert var: "Terrorism is sometimes justified", "The death penalty is right for some criminals" og "People should be able to live in any country they want". 

Tore Eikelands Legat, som Katten støttar i årets solidaritetsaksjon, gjør det mogleg å drive debattklubbar for seks vidaregåande skular i Ghana.  På den måten får ungdommane kunnskap og sjølvtillit nok til å gå vidare med utdanning og bli aktive og engasjerte medlem i sitt lokalsamfunn. 

Ein stor takk til alle deltakarane i debatten for ein strålende innsats!