Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Besøk av Adil Khan

Adil Khan saman med elevar på Katten

I samband med Verdsdagen for Psykisk Helse fekk Vg1, Vg2 og 3e besøk av  dansar og skodespelar Adil Khan. Han heldt eit rørande og personleg foredrag om oppvekst og psykisk helse.

Adil fortalte om barndom, oppvekst, vegen til å bli kjendis, kampen mot angst og depresjon, og om sitt første psykologbesøk.

Han fortalte og om kor mykje vi er prega av sosiale media og kapitalisme, og at ønsket om å vere perfekte gjer oss ulykkelige og misnøgde. 

Adil Khan på scenen.

Å gå til psykologen er framleis eit tabutema for mange, men Adil sa tydeleg ifrå at det ikkje er skammeleg å spørje om profesjonell hjelp, det er inga skam å snakke med psykolog.  

Historien hans gjorde eit sterkt inntrykk på elevane. Etter foredraget gjekk mange rørte og inspirerte elevar bort til Adil for å snakke meir med han.

Adil Khan saman med bildet av søstra Deeyah Khan som er ein del av kunstveggen ved hovudinngangen til skulen.
Adil Khan saman med bildet av søstera Deeyah Khan som er ein av dei som er avbilda på kunstveggen ved hovudinngangen til skolen. Deeyah Khan er ein kjent musikar og dokumentarfilmskapar som m.a. har mottatt Emmy-prisen for kortfilmen "Banaz : A love story", ein film om 21 år gamle britisk-kurdiske Banaz som blei æresdrept av familien sin.