Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studie-kompetanse.

Vi tilbyr

Vg1 er felles for alle som tek teknikk og industriell produksjon. På Vg2 kan du velje mellom fleire programområde. På Austrheim tilbyr vi:

  • Vg 1 Teknikk og industriell produksjon
  • Vg2 Kjøretøy
  • Vg2 Industriteknikk
Søk opptak Vilbli

Kvifor mekaniske fag?

Ønskjer du å jobba allsidig med praktiske fag er dette valet for deg. Vg1 gjev deg moglegheit til å velja mange ulike fag som t.d. prosess, verktøymakar, sveisar og mekanikar for å nemna nokre. Du bør like å jobba nøyaktig og målretta og ha gode praktiske eigenskapar.

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke 35 35
Matematikk 3 0
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Kroppsøving 2 2
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Fellesprogramfag 17 17
Yrkesfagleg fordjuping (YFF) 6 9

Første året

Foto: Morten Wanvik, Hordaland fylkeskommune
Foto: Morten Wanvik, Hordaland fylkeskommune

Vg1  Teknikk og industriell produksjon

Elevane får ei praktisk, variert og teknisk grunnopplæring. Dei får ei brei plattform for vidare yrkesval både med omsyn til fag, type arbeidsplass og arbeidsmiljø.

Elevane på Vg1 er utplasserte i lokale bedrifter i faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) ca. 140 timar i året. Skulen samarbeider med bedrifter innan mekaniske fag som tilbyr, sveising, rør, DNT, dreiing osv.

Skulen er og med på konkurransar i lag med andre skular. På Vg1 er det sveising det konkurrerast i.

Læreplan Vg1

Andre året

ImG_2098.JPG

Vg2  Industriteknologi

Internasjonal industri har krav til høg teknisk standardiser Ing, arbeidsprosedyrar og dokumentasjon. Programfaga i industriteknologi skal vera med på å utvikle fagkompetansen som tilfredsteller desse krava

Austrheim har et tett samarbeid med bedrifter i regionen. Elevane er utplassert totalt 6 veker i faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF). Bedrifter vi samarbeider med er; Frank Mohn Mongstad, Alfa Laval,(tidlegare Frank Mohn Flatøy), Radøygruppen AS, Odfjell, Caverion med fleire.

Elevane på Austrheim er med på konkurransar arrangert av lokale bedrifter i samarbeid med Nordhordland Handverk og Industrilag. Fleire skular deltek og sjølve konkurransen vert gjennomført på ei bedrift. Elevane som vinn får flotte premiar!

Læreplan Vg2
Mg_9782.jpg

Vg2 Kjøretøy

Moderne kjøretøy krev dyktige fagfolk. Aukande trafikktettleik, krav til tryggleik, komfort og miljø stiller store krav til den som skal vedlikehalde og reparere ulike kjøretøy. Køyretøyfaget skal leggje grunnlaget for yrkesutøving innan vedlikehald av køyretøyet for transport og godstransport. Hovudområdet er:

Verkstadsarbeid - omfattar mellom anna vedlikehald, feilsøking og val av reperasjonsmetodar på ulike kjøretøy, motorar og utstyr.

Læreplan Vg2

vegen vidare

Etter Vg2 kan du bli lærling innan utdanningsprogrammet du har vald. Når du er i lære vil du få lønn av arbeidsgiveren din, og når du er ferdig med læretiden (2 år), kan du gå opp til fagprøven og få fagbrev.

 

Ut i lære Bli lærling

kontaktperson

Avdelingsleiar
Profilbilde av Gurid Helene Espe

Gurid Helene Espe

Send e-post 56168008