Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TAF-modellen

TAF-modellen fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du lærling med lærekontrakt.

Skulen tek ikkje opp nye elevar til TAF-utdanninga hausten 2018. Elevar som har begynt på utdanninga vil fullføre som planlagt.

 

TAF Mekanisk.

Teknisk allmennfag (TAF) er eit samarbeid med Austrheim vgs og lærebedrifter innan mekanisk industri.

Skulen har hatt eit TAF-tilbod sidan 2008. På grunn av vanskelege tider i  den mekaniske industrien, har ikkje skulen teke inn nye elevar hausten 2017. Skulen tek heller ikkje opp nye elevar til TAF hausten 2018. 

TAF.no

Kvifor velje TAF?

Industrien treng fagarbeidarar og ingeniørar med teoretisk og yrkesfagleg kunnskap på høgt nivå. TAF-utdanninga gjev spesielt godt grunnlag for vidare studier til ingeniør/sivilingeniør.

Med TAF-utdanninga vil du imøtekomme krav om god praktisk og teoretisk kompetanse i arbeidslivet. Gjennom denne ordninga vil du få ei utdanning som fører fram mot fagbrev, samstundes som du får spesiell studiekompetanse som gjer det mogleg å ta vidare utdanning gjennom høgskular og universitet.

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3 Timetall VG4
Sum timetal per veke 38 39 29 38
Matematikk 5 5 5 0
Fysikk 0 0 5 5
Norsk 0 4 4 6
Engelsk 5 0 0 0
Naturfag 5 0 0 0
Samfunnsfag 0 0 0 3
Kroppsøving 0 2 0 2
Programfag skule 8 13 0 0
Programfag bedrift 15 15 15 22

Første året

2014-02-13 12.48.37_.jpg

Det første året er elevane tre dagar på skulen og to dagar i bedrift. TAF 1 er i bedrift måndag og tysdag. Elevane har fellesfaga i lag med studiespesialiserande. Fellesfaga dette året er engelsk, naturfag og matematikk.

Å veksle mellom skule og bedrift er ein modell elevane er godt nøgd med. Det meste av praksisen lærer elevane i bedrift, men skulen legg og opp til praksis for å gje elevane brei kompetanse.

Vi presiserer at vi ikkje tek inn nye elevar hausten 2018.

Andre året

_ImG_2098.JPG

Dette skuleåret er elevane utplasserte torsdag og fredag.

Fellesfaga dette året er norsk, matematikk og kroppsøving.

Dei siste åra har elevane reist på ekskursjon til bedrifter i Danmark i juni. Her besøker dei verksemder innan mekaniske fag. Turen går med danskebåten, og er ein viktig tur både fagleg og sosialt.

Tredje året

TAF.png

Dette året skriv elevane lærekontrakt med bedrifta. Elevane er utplasserte to dagar i bedrift, torsdagar og fredagar. Elevane får betalt både når dei er på skulen og når dei er på jobb. Ein jobbar i bedrifta i haust- og vinterferien og har 5 veker ferie, akkurat som vanlege arbeidstakarar. Det unike med ei TAF-utdanning er elevar som får både teori og praksis i kombinasjon.

Ved å jobbe tett på i ei bedrift over 4 år, har elevane god kompetanse i dei praktiske faga når de skal opp til fagprøve og som grunnlag for vidareutdanning innan ingeniørfaga.

Fellesfaga dette året er norsk, fysikk, matematikk og historie.

Fjerde året

Elever i verksted.png

 

I fjerde året er elevane utplasserte tre dagar i veka, mandag, tirsdag og onsdag. Elevane skal opp til fagprøve i løpet av mai - juni. Etter fire år er du klar for høgare utdanning. Målet er at 80% av elevane tek høgskuleutdanning.

Fellesfaga dette året er fysikk, norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

vegen videre

 Skal du gå videre på høgskule eller universitet?

Samorda opptak

 

NTNU

kontaktpersonar

Rådgjevar
Profilbilde av Beate Husa Marøy

Beate Husa Marøy

Send e-post 56168022 / 415 87 936
Avdelingsleiar
Profilbilde av Gurid Helene Espe

Gurid Helene Espe

Send e-post 56168008