Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønsker du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Våre programområde

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi

Sjå nedanfor for vårt programfagtilbod.

Kvifor velje Studiespesialisering?

  • Du får studiekompetanse som gjer det mogleg å søkje opptak ved høgskular og universitet.
  • Du får ein brei allmennutdanning som gjev deg kunnskap både innan språk, historie, realfag (matte, naturfag, kjemi, fysikk, biologi, geofag), religion, geografi, samfunnsfag (sosiologi, antropologi, rettslære), engelsk og norsk.
  • Du får innsikt i samfunnet og dei ordningar som påverkar og formar dette.
Søk skuleplass

 Kva kan du bli?

Vel du full fordjuping i realfag vil du få spesiell studiekompetanse, slik at du kan søkje opptak  ved til dømes ingeniørstudium, legestudiet og veterinærstudiet.

Vel du fordjuping innan dei andre programfaga, får du generel studiekompetanse og kan søkje opptak til dei aller fleste studium ved høgskule og universitet. Døme på aktuelle yrke: psykolog, jurist, lærar, sjukepleiar, illustratør, revisor, fysioterapeut, skodespelar, økonom, politi, omsetjar, scenograf, sosionom.….

Vilbli.no Studier i utland

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3
Sum timetal per veke 30 30 30
Norsk 4 4 6
Engelsk 5 0 0
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Samfunnsfag 3 0 0
Geografi 2 0 0
2.Fremmedspråk 4 4 0
Kroppsøving 2 2 2
Religion og etikk 0 0 3
Historie 0 2 4
Programfag 0 5 5
Programfag 0 5 5
Programfag 0 5 5

Første året

Matteforsøk 2.jpg

 

Det første året på Studiespesialisering har ein kun fellesfag,  det vil seie fag som er obligatorisk for alle. Fellesfaga gjev grunnlag for å velje rett programfag i 2. klasse. Dessa faga er: norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag, geografi, 2. framandspråk, naturfag og kroppsøving.  I 2. framandspråk kan du velje mellom spansk og tysk. Dei som har hatt framandspråk alle tre år på ungdomsskulen, kan velje å byte framandspråk på vidaregåande.

 

Læreplan Vg1 Studiespesialisering

Andre året

kjemi.jpg

Andre året på studiespesialisering skal du velje programfag. Du må velje om du vil ha fordjuping innan Realfag eller Språk, samfunnsfag og økonomi.  Kvart programfag har 5 veketimar (à 45 min). Du vel to fag innan fordjupingsfaga, og eitt fag som forsterkar dette eller eitt fag frå det andre fordjupingsområdet. 

Realfag

Matematikk R1, Fysikk 1, Kjemi 1, Biologi 1, Geofag 1

Læreplan Vg2 Realfag

 

Språk, samfunnsfag og økonomi

Internasjonal engelsk,  Historie og filosofi 1, Sosiologi og sosialantropologi

Læreplanar Vg2 Språk, samfunnsfag og økonomi

 

IDRETTSFAG/FRITTSTÅANDE PROGRAMFAG:

Friluftsliv 1

Tredje året

biologi 2.jpg

Tredje året på studiespesialisering skal du velje to programfag som byggjer på den fordjupinga du valde på Vg2. I tillegg skal du velje eit programfag som forsterkar fordjupinga di,  eller eitt frå det andre programområdet. 

Realfag

Matematikk R2, Fysikk 2, Kjemi 2, Geofag 2, Biologi 2

Læreplan Vg3 Realfag

 

Språk og samfunnsfag

Samfunnsfagleg engelsk, Rettslære 2/Historie og filosofi 2, Spansk III/Tysk III, Spansk 1+2/Tysk 1+2 (for dei som ikkje har framandspråk frå ungdomsskulen)

Læreplan Vg3 Språk, samfunnsfag og økonomi

 

IDRETTSFAG/FRITTSTÅANDE PROGRAMFAG:

Friluftsliv 1

vegen vidare

Etter at du har fullført Vg3 på studiespesialliserande kan du søkje opptak ved høgskular og universitet i Noreg  og i utlandet. 

Samordna opptak Utdanning.no

Personer du kan kontakte

Rådgjevar
Profilbilde av Beate Husa Marøy

Beate Husa Marøy

Send e-post 56168022 / 415 87 936
Avdelingsleiar
Profilbilde av Frode Hervik

Frode Hervik

Send e-post 56168009
CIMG0765.jpg

Lektor 2

Skulen er med i Lektor 2-ordninga der elevane som har teoretisk matematikk mellom anna får ein dag med undervisning og praktisk bruk av matematikk på Statoil Mongstad.

solcellepanelet.jpg

 Energiskule

Skulen er godkjent som energiskule og har eit undervisningsopplegg i Geofag i samarbeid med TCM på Mongstad. Vi har også  solcellepanel og vindmølle som blir brukt i naturfagundervisninga på skulen.