Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag er ei yrkesfagleg utdanning. Det er vanleg å gå 2 år på skule og deretter bli lærling i 2 år for å ta fagbrev. Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Sushi.jpg

Kvifor velja Restaurant- og matfag?

Likar du å lage mat, vere nøyaktig og kreativ, lære om næringstoffa i ulike matvarer, bli kjent med ulike bransjar innan matfaga? Då er denne linja noko for deg.

Kva kan du bli?

Du har mange spennande val: Restaurantkokk, konditor, butikkslaktar, industriell matvareproduksjon, institusjonskokk, bakar, for å nemne nokre utdanningsvegar. Vil du vita meir, gå inn på vilbli-lenka under.

Vilbli Søk opptak

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1
Sum timetal per veke 35
Matematikk 3
Norsk 2
Engelsk 3
Kroppsøving 2
Naturfag 2
Samfunnsfag 0
Felles programfag 17
Yrkesfagleg fordjuping (YFF) 6

Første året

På Vg1 Restaurant- og matfag får du eit bredt grunnlag til å kunne gjere dei rette vala. Utdanninga fører til heile 14 ulike fagbrev.

Dei tre programfaga er:

Råstoff og produksjon er eit fag der du lærar om råstoffa i teori og praksis.

Kosthald og livsstil er faget der du lærar om samanhengen mellom kosthald, livsstil og helse.

I bransje, fag og miljø lærar du meir om dei ulike bransjane.

Du får lære om kokkfaget, bakar- og konditorfaget, industriell matvareproduksjon, kjøttfaget, sjømat, med meir.

Skulen har eit tett og godt samarbeid med lokalt næringsliv. I faget Yrkesfagleg fordjuping er elevane utplassert i kantiner, hotell- og institusjonskjøkken, kafe og konditori for å nemne noko.

Skulen legg vekt på at teori er forankra i dei praktiske faga. Elevane har 3 praktiske økter i veka. Då lagar elevane forrettar, hovudrettar, dessertar, dei bakar, serverer, mm.

 

 Erasmus +

Skulen har eit godt samarbeid med ein skule i Normandie. Våren 2018 reiser 5 elevar på eit 2-vekers opphald for å lære og laga mat slik dei gjer det i lokale restaurantar. Skulen i Normandie sender hausten 2018 elevar til oss. Elevane skal vere utplassert i dei beste restaurantane i Bergen. Opphald og reise vert dekka av Hordaland fylkeskommune.

Besøk Frankrike.jpg

vegen vidare

Etter Vg2 kan du bli lærling innan det utdanningsprogrammet du har vald. Når du er i lære vil du få lønn av arbeidsgjevaren din, og når du er ferdig med læretida di (2 år), kan du gå opp til fagprøven og få fagbrev.

Bli lærling

kontaktpersonar

Avdelingsleiar
Profilbilde av Gurid Helene Espe

Gurid Helene Espe

Send e-post 56168008