Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.

Vi tilbyr:

Dette året tek du fag som du treng for å få generell studiekompetanse. Faga er fellesfaga norsk, matematikk, naturfag, historie og kroppsøving. I tillegg vel du eitt programfag, anten Rettslære1, Fysikk 1,  Kjemi 1, eller Sosiologi og antropologi. I dette faget går du saman med elevar på Studiespesialisering.

  • Du får generell studiekompetanse.
  •  Du får ei ganske brei allmennutdanning som gjev deg innsikt i mange ulike fagområde.
  • Du kan søkje opptak til alle studium ved høgskular og universitet, både i innland og utland, som krev generell studiekompetanse.
Læreplan 3PÅ

 

Kva kan du bli?

Påbygg til generell studiekompetanse gjer at du kan søkje høgare utdanning, og mange vel utdanning innan same fagfelt som yrkesutdanninga si.

Du  kan søkje deg inn på profesjonsutdanningar som til dømes sjukepleiar, lærar, lege, politi, fysioterapeut med meir.

Du kan også byggje opp ei utdanning av ulike universitetsfag, til dømes russisk, kinesisk, filosofi, kunsthistorie, sosialøkonomi, japansk, fysikk, matematikk, marinbiologi, geologi og liknande.

Du kan utdanne deg til yrkesfaglærar innan det fagområdet du har fagbrev i.

Søk opptak

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3
Sum timetal per veke 35 35 28
VG1 YF 35 0 0
VG2 YF 0 35 0
Norsk 0 0 10
Historie 0 0 5
Matematikk 0 0 3
Naturfag 0 0 3
Kroppsøving 0 0 2
Programfag 0 0 5

vegen vidare

Når du er ferdig med påbygg til generelle studiekompetanse kan du søke læreplass eller opptak til studier på høgskule eller universitet.

Bli lærling Samordna opptak Utdanning.no

kontaktpersoner

Rådgjevar
Profilbilde av Beate Husa Marøy

Beate Husa Marøy

Send e-post 56168022 / 415 87 936
Avdelingsleiar
Profilbilde av Frode Hervik

Frode Hervik

Send e-post 56168009