Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Vg1 er felles for alle som tar Helse- og oppvekstfag. På Vg2 har du velje mellom ein rekke programområde:

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag (HO)
  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag (BUA)
  • Vg3 Påbygg til generell studiekompetanse

Austrheim vidaregåande samarbeider med frivillige organisasjonar, bedrifter og kommunar i Nordhordland. Dette gjer at elevane både på HO og BUA får testa ut i praksis det dei lærer i teorien. Det er praksis både på Vg1 og Vg2, og eleven vil saman med lærarane også ha ansvar for ulike arrangement i både barnehage, skule og frivillige organisasjonar.

Internasjonal praksis

Skulen har hatt samarbeid med barnehagar i London om utplassering av Vg1-elevar. Det kan vere aktuelt å vidareføre Erasmus+-prosjekt i andre land.

Søk opptak

Kvifor velje Helse- og oppvekstfag?

Trivst du med å arbeide med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov? Ønskjer du arbeidsdagar som er varierte og utfordrande? Då kan Helse –og oppvekstfag vere noko for deg!

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både innan offentleg og privat sektor. Nokre eksempel på aktuelle yrke er barne- og ungdomsarbeidar, ambulansesjåfør, helsefagarbeidar, helsesekretær, hudpleiar, tannhelsesekretær, apotekteknikar. Fleire val finn du på vilbli.no

Om du ønskjer høgare utdanning, til dømes innan helsefag, treng du generell studiekompetanse. Dette får du ved å gå Påbygg til generell studiekompetanse, anten før eller etter læretida.

 

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetal per veke 35 35
Yrkesfagleg fordjuping (YFF) 6 9
Helsefremmande arbeid 7 7
Yrkesutøving 5 5
Kommunikasjon og samhandling 5 5
Kroppsøving 2 2
Norsk 2 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Engelsk 3 2
Samfunnsfag 0 3

Første året

P1010921.JPG

Helsefremjande arbeid:

Samanhengar mellom helse og livsstil, fysisk og psykisk helse, ernæring, immunforsvar og smittespreiing, kroppen, ergonomi.

Kommunikasjon og samhandling:

Haldningar, verdiar, menneskesyn, kva er god kommunikasjon, modellar for konflikthandtering, sosial kompetanse, empati.

Yrkesutøving:

Om oppvekst, helse- og sosialtenestene, samfunnet si rolle, profesjonalitet og regelverk i yrket, stimulering til læring på alle funksjonsnivå.

Yrkesfagleg fordjuping (YFF):

Her får du prøve deg i praksis i ulike yrke, slik at det blir enklare for deg å velje kva Vg2-utdanning du vil søkje. 

Yrkespraksis i utlandet Læreplan Helse- og oppvekst

 

Andre året

BuA_i barnehage.JPG
_ImG_1793.jpg

 Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Helsefremjande arbeid:

Aktiviteter som fremjer fysisk og psykisk helse, omsorg i ulike aldersgrupper, mobbing, rasisme, rusproblematikk, kosthald og ernæring, hygiene og smitte, førstehjelp, omsorgssvikt, helse,  miljø og tryggleik.

Kommunikasjon og samhandling:

Ulike former for kommunikasjon, sosial kompetanse, språkutvikling og sosialiseringsprosessen hos barn, konflikthandtering.

Yrkesutøving:

Rollemodellar, pedagogisk arbeid, regelverk, oppvekstmiljø, planlegging og dokumentasjon, lek og kreativitet, planlegge og gjennomføre aktivitetar, utviklingspsykologi, lage enkle måltid, universell utforming, ergonomi.

Yrkesfagleg fordjuping (YFF):

Praksis utgjer ein stor del av faget, og dette kan til dømes vere i barnehagar, skulefritidsordning, skular og ungdomsklubbar.

Læreplan Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Vegen vidare

Læreplass:

Etter vg2 kan du bli lærling innan det utdanningsprogrammet du har vald. Når du er i lære vil du få lønn av arbeidsgjevaren din, og når du er ferdig med læretida (2 år), kan du gå opp til fagprøven og får fagbrev.

 

Korleis få læreplass

 

Vg3 på skule:

Når du er ferdig med Vg2 kan du også velje å fortsette på skule og ta Påbygg til generell studiekompetanse (VG3), slik at du får generell studiekompetanse og kan søke på dei fleste studium ved høgskular og universitet.

 

Utdanning.no

KOntakt oss

Avdelingsleiar
Profilbilde av Gurid Helene Espe

Gurid Helene Espe

Send e-post 56168008