Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søker læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

 Vg1 er felles for alle som tar elektrofag. På Vg2 har du velje mellom ei rekke programområde. På Austrheim tilbyr vi:

  • Vg 2 Automasjon
  • Vg 3 Automasjon  
Søk skuleplass

Kvifor elektrofag?

Det er mykje meir enn elektrikar du kan bli viss du vel elektrofag! Du kan t.d. jobbe som heismontør eller flymekanikar,  i tillegg til ein straum av andre moglegheiter!

Kva kan du bli?

Lurer du på kva du skal bli eller kva fag du kan velge på Vg2, får du en god oversikt på vilbli.no.

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3
Sum timetal per veke 35 35 35
Matematikk 3 0 0
Norsk 2 2 0
Engelsk 3 2 0
Kroppsøving 2 2 2
Naturfag 2 0 0
Samfunnsfag 0 3 0
Felles programfag 17 17 33
Yrkesfagleg fordjuping (YFF) 6 9 0
Skulen har undervisningsbolkar på 60 og 90 minuttar 0 0 0

Første året

IMG_1717.jpg

Vg1 Elektrofag

Elektrofag passar for deg som vil arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og som vil vere serviceorientert. Faget omfattar system for produksjon og distribusjon av elektrisk energi, system for tele– og datakommunikasjon, og ei rekkje elektriske apparat.

På elektrofag kan du blant anna lære å byggje stereoforsterkarar, montere lys og varme, antenneanlegg, porttelefonar, brannalarmanlegg og ringeanlegg. Du lærer å kople automatiserte motoranlegg og bruke simuleringsprogram på data.

På Austrheim har vi eit godt samarbeid med lokalt næringsliv. Skulen samarbeider om bedriftsbesøk, utplasseringar og konkurransar.

Læreplan Vg1

Andre året

AU2.jpg

Vg2 Automasjon

Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir brukt i kontroll, styring og regulering av automaiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system.

Faget er tverrfagleg, det er derfor viktig at du har god heilskapleg forståing for prosessar og automatiseringssystem.

Læreplan Vg2

Tredje året

_MG_9774.jpg

Vg3  Automasjon

Faget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir brukt til kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system.

Verksemder treng medarbeidarar som forstår samanhengen frå ide til ferdig produkt. Det er og viktig at du forstår og tek omsyn til brukarane sine behov. Du må vere nøyaktig, og ha eit godt handlag og interesse for teknologi.

Læreplan Vg3

vegen vidare

 Skal du søke læreplass?

 

Bli lærling Ut i lære

Kontaktpersoner

Avdelingsleiar
Profilbilde av Gurid Helene Espe

Gurid Helene Espe

Send e-post 56168008