På Bygg- og anleggsteknikk kan du mellom anna lære å byggja hytter, forskaling, stillas, murar og benkar, og vere med på aktuelle byggjeoppdrag frå private og offentlege i nærområdet. Du lærer å bruke ulike verktøy og maskiner. HMS er i høgsetet hos oss, og det vil bli gitt full opplæring i dette.
Elevar på Vg1 kan om ønskjeleg ha praksis i bedrift ein dag i veka, og ein dag på verkstad det første skuleåret. Me prøver å gjere teorien så praktisk som mogleg her på Austrheim.
I løpet av skuleåret reiser me rundt for å besøke bedrifter for å få eit inntrykk av korleis det er i arbeidslivet. De får også være med å besøke andre skular for å sjå nærare på kva de vil satse på etter endt Vg1-løp.
Me har gode kontaktar med næringslivet.
Læreplan Vg1