Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Smittevern ved skulen

Kva gjer vi her på skulen:

1. Ingen sjuke skal møte på skulen. Dette betyr at ved nyoppståtte symptom på forkjølelse (tett nase og/eller sår hals) skal elevar og tilsette halde seg heime til allmenntilstanden er god. Elevar og tilsette kan komme tilbake til skulen når dei føler seg friske og feberfri, sjølv om dei fortsatt har nokre symptom på luftvegsinfeksjon. Ved symtom må ein ta kontakt med sitt legekontor for å få vurdert behov for testing.

2. God handhygiene: Når ein kjem på skulen og når ein forlet skulen skal ein vaske hendene med såpe eller bruke handsprit. Pass også på handvask etter toalettbesøk, før og etter spising og etter uteaktivitet.

3. Hald avstand! Alle elevar skal halde avstand på minst 1 meter til medelevar og tilsette.

 

Frå måndag 15. februar er skulen tilbake på gult nivå. Her finn du skulen sine smittevernreglar for gult nivå:

Smittevernreglar gult nivå Austrheim vgs

 

 

Vi syner ellers til Udir sin smittevernrettleiar for dei vidaregåande skulane:

Smittevernrettleiar Udir