Føresett-pålogging i SkoleArena
Alle føresette til elevar under 18 år har høve til å følgje med på vurderingane eleven får i dei ulike faga. I tillegg får ein tilgang til eleven sitt fråvær. Når faglærarane gjer vurderingar kjent i SkoleArena – Vurdering eller registrerer fråvær, får også føresette tilgang til desse. Føresetnaden er at ein har søkt om tilgang.
Søk om tilgang på www.skolearena.no/iea og gjer slik:
- Vel punktet Ny foresattbruker
- Skuleeigar: Vel Vestland fylkeskommune
- Legg inn føresette sine personopplysningar
- Du vil og trenge eleven sitt personnummer
- Hugs påloggingsnamnet ditt
- Heilt til slutt må du trykke Send forespørsel
- Du kan og sjå video/demo, oppe til høgre i påloggingsbildet.
Kontaktlæraren til eleven vil motta søknaden og innvilga tilgang.
Etter at kontaktlærar har gitt deg tilgang, må du logge deg på med påloggingsnamn/brukarnamn og passordet du får oppgitt i eposten du har fått tilsendt. Kunde er Vestland fylkeskommune. Hugs å endre passordet i Min profil første gong du er inne.
Føresette vil få ein e-post når nye vurderingar/registrert fråvær føreligg (dette varselet kan ein velje vekk).