Skuleskyss
Det går både buss og båt til skulen. Bussane stoppar utanfor skulen. Båten legg til ved gamle rutebåtkaien i Mastrevikane. Nokre elevar tek både buss og ferge.
Det er eigne reglar for skuleskyss for elevar som kjem frå Hordaland og for elevar som kjem frå Sogn og Fjordane.
Er du Hordalands-elev, les her:
Er du elev frå Sogn og Fjordane og bur 6 km eller meir frå skulen har du rett på skuleskyss. Elevane skal søkje elektronisk, sjå lenke under. Også elevar som hadde skuleskyss forrige skuleår, må søkje, men dei skal bruke same kortet alle åra dei går på vidaregåande skule. Korta vert deaktiverte ved skuleslutt i juni, men opna opp att etter kvart som søknaden vert handsama. Føresette til elev under 18 år har eit økonomisk ansvar ved tap/bestilling av nytt skuleskysskort. Les meir her om skuleskyss i Sogn og Fjordane her:
Du kan og ta kontakt med kontoret ved skulen: 56168000
Ruteopplysningar:
Buss - Hordaland: SKYSS Buss-Båt-Ferge - Sogn: KRINGOM Fergeruter Norled