Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Rådgjevar

Beate Husa Marøy er skulen sin rådgjevar

Telefon 56168022


Rådgjevaren har kontortid kvar dag. Oppslag om kontortidene til rådgjevaren finn du på oppslagstavler og i klasseromma. Kontakt med rådgjevar kan vera aktuelt dersom du synest noko er vanskeleg på skulen eller i privatlivet.

Rådgjevar har teieplikt og vil berre formidla opplysningar vidare til andre dersom du eller dine føresette ønskjer det.

Dette kan rådgjevar hjelpe med

  • å setja deg i kontakt med helse-/sosialvesen, skulepsykolog, logoped, arbeidskontor m.v.
  • søknader om lån og stipend
  • yrkesorientering og tilrettelegging av tiltak dersom du treng ekstra støtte/hjelp i skulearbeidet

Kronisk sjukdom?

Dersom du lid av ein kronisk sjukdom som epilepsi eller diabetes, må du melda frå til rådgjevar. Det er svært viktig at vi får denne informasjonen slik at vi veit kva som skal gjerast i ein eventuell krisesituasjon.

Søkje annan skule?

Ved søknad om opptak til andre skular er også rådgjevar nøkkelpersonen. Rådgjevaren vil etter kvart koma rundt i klassane og orientera om rådgjevingstenesta. Er det noko du treng hjelp til, så nøl ikkje med å ta kontakt!

 

Karriererettleiar
Profilbilde av Beate Storset Husa

Beate Storset Husa

Send e-post