Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Klagebehandling av sluttvurdering

Om du er elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd. Klagefristen er 10 dagar frå du fekk beskjed om at du kan sjå standpunktkarakteren din på SkoleArena.

Vi tilrår at du ber om grunngjeving før du bestemmer deg for å klage. Ta kontakt med læraren din. Når du ber om grunngjeving, blir den nye klagefristen 10 dagar etter at du fekk grunngjevinga. For avgangselevar vil det også i år vere ein hurtigklagefrist sundag 20. juni. Klager som skal vere med i hurtigklagehandsaminga må vere sendt til klagenemndene seinast onsdag 23. juni. Alle som er med i hurtigklagehandsaming vil få svar innan 1. juli. Alle andre må rekne med å få svar i august. Du finn klageskjema og kan lese meir om klage:

Vestland fylke si info-side om klagebehandling av sluttvurdering