Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Foreldre/elev 10. klasse

Som søkjar, føresette til søkjar eller ny elev vil de her sjå korleis elevane har det på skulen vår. De finn filmsnuttar frå kvart programområde vi tilbyr. Nederst på sida ligg mellom anna den nye skulebrosjyra og informasjonsfilmen vår.

BYGG- OG ANLEGGSFAG

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

HELSE- OG OPPVEKSTFAG

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

STUDIESPESIALISERING

Ønskjer du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

TEKNIKK- OG INDUSTRIELL PRODUKSJON

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. På Vg2 kan du velje mellom Industriteknologi og Kjøretøy. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

INFORMASJONSFILM

Vil du sjå litt korleis vi har det her ved Austrheim Vidaregåande skule? Her er ein kort film som fortel litt.

Skolen ovenfra.jpg

SKULEBROSJYRA

Me arbeider saman for å skape Vestlandets beste skulemiljø med slagordet "Me bryr oss". Sjå skulebrosjyra her:

Skulebrosjyra
Strilen bilde.jpg

UTDANNINGSMAGASINET

Her finn du link til årets utdanningsavis i Nordhordland. Frå Austrheim vgs kan du lesa om Lill-Marlene som gjekk på kjøretøy og no er lærling hjå Eknes karosseri, om Hamza, Sebastian og Aleksander som har hatt praksis i bedrifter. Mariann fortel om utplassering i bedrift og samarbeid mellom fleire aktørar som gjev mange læreplassar. Og du finn ei annonse over studietilbodet her ved skulen.

Strilen sitt Utdanningsmagasin haust 2020

Kontaktperson avd. Studiespes.

Assisterande rektor
Profilbilde av  Sigbjørn Georg Tresvik
Sigbjørn Georg Tresvik
94009565

Kontaktperson avd. Yrkesfag:

Avdelingsleiar
Profilbilde av  Helge Dyrkolbotn
Helge Dyrkolbotn
94009573