RÅDGJEVAR
Frode Johannessen Hordvik er rådgjevar ved skulen og har kontortid kvar dag unntatt torsdag. Kontoret hans finn du i 2. etasje i hovudbygget, rom nr. 219.
Han har ansvar for det sosialpedagogiske rådgjevingsarbeidet som til dømes sosiale problem på skulen, fråværsproblematikk, tilrettelegging ved faglege problem og tilrettelegging ved kronisk sjukdom. Rådgjevar har teieplikt og vil berre formidla opplysningar vidare til andre dersom du eller dine føresette ønskjer det.
Han er også karriererettleiar for yrkesfag. Ta kontakt med han dersom du ønsker ein samtale om yrkesrettleiing.
