Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevinformasjon

Her finn du viktig og nyttig informasjon gjennom skuleåret.

  • PERSON- OG KONTAKTOPPLYSNINGAR: Alle elevar som begynner på skulen må halde sine person- og kontaktopplysningar oppdatert ved å fylle ut og levere inn eit elevskjema. Riktig mobilnr og epostadresse er særs viktig, i tillegg til adresse. Vi treng og opplysningar om næraste pårørande, - også sjølv om du er over 18 år. Kontoret oppdaterer opplysningane i det nye skuleadministrative systemet VismaInSchool. Elevskjema finn du her:  Elevskjema

 

  • SKULESKYSS: Det går både buss og båt til skulen. Har du rett på gratis skuleskyss og du er ny elev ved skulen får du utlevert skulekort ved skulestart. Var du elev forrige skuleår skal du nytte same kortet som du hadde då. Informasjon om ungdomskort, andre reglar og tilrettelagt skyss finn du i lenka under. Nytt av året er at elevane sjølve må søkje om skuleskyss. Meir informasjon her:
Skuleskyss

 

  • REGELVERK: Vi har ulike regelverk som gjeld for skulen og elevane. Her finn du nokre av dei.
Regelverk

 

  •  LÅN OG STIPEND: Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, men du må søkje om stipendet. Utstyrsstipendet er ikkje avhengig av kor mykje foreldra dine tener. Les meir på Lånekassen.
Lånekassen

 

  • PC - DATAMASKIN: Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan få ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin.
    Les meir her:

     
Elev-PC/Mac

 

  • UTSTYRSLISTER: Her finn du utstyrsliste for Bygg- og Tip-faga.
Utstyrslister

 

  • MEIR INFORMASJON: På Skoleportalen finn du mykje nyttig informasjon! Her er god informasjon om IKT, mellom anna korleis du byter passord og får utskrift.
Skoleportalen Hordaland

 

  • OM VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I VESTLAND FYLKESKOMMUNE: Har du spørsmål om søknad og inntak til vidaregåande opplæring? Lurer du på kva retningsliner som gjeld når du skal søke skuleplass eller korleis du kan bli lærling? Svar på dette og meir finn du ved å følgje lenka under.
Praktisk info frå VLFK om vidaregåande opplæring