Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Drømmeskolen og Nærværsteam

Hordaland fylkeskommune deltek i Kunnskapsdepartementet sitt forskningsprosjekt "Complete".

Universitet i Bergen, Nordlandsforsking og Oxford Reasearch skal undersøke to tiltak for å hindre fråfall blant elevar i Hordaland, Sogn og Fjordane, Nordland og Troms.  Dei to tiltaka som skal undersøkast er Drømmeskolen og Nærværsteam. 

Drømmeskolen er eit universelt og førebyggjande tiltak for å skape eit trygt og helsefremjande skulemiljø der eldre elevar er mentorer for yngre elevar.

Nærværsteam er eit tiltak for å sikre heilskapleg og godt koordinert innsats retta mot elevar som står i fare for å slutte gjennom etablering og samlokalisering av eit Nærværsteam. 

Nærværsteamet ved Austrheim vgs

 

Austrheim vidaregåande skule  er ein av skulane i Hordaland som hausten 2016 starta opp med begge prosjekta. Complete går over tre år.

Complete

  

Drømmeskolen

Sentralt i prosjektet er dei femten elev mentorene som er rekruttert blant elevar som går i Vg2 og Vg3 klassar ved skulen.  Dei er sentrale i fleire tiltak for å skape trygge og gode opplæringsmiljø for dei nye elevane i Vg1 klassane mellom anna med opplæring i korleis dei skapar ein «Drømmeklasse».   Dei skal og bidra til å skape eit godt skulemiljø for alle på skulen ved å arrangere trivselskapande tiltak gjennom skuleåret.

Ressursgruppa for Drømmeskolen er rådgjevar Beate Husa Marøy, Rune Danielsen, Rannveig Sundsbø Iversen og rektor Kjersti Daland Næss.

Drømmeskolen