Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkommen til eit nytt skuleår

1 - Ny rektor Frode Hervik 2019.jpg

På vegne av alle dei tilsette på skulen vil eg ynskje alle elevar, både nye og gamle, velkommen til eit nytt skuleår.

Me håpar at de vil trivast på skulen vår, og sjølvsagt at de vil lære mykje nytt på dei utdanningsprogramma de har valt. 

Skulebygga våre er ikkje siste skrik, men me har pussa litt opp i sommar med maling og nye golvbelegg i nokre rom, og i løpet av hausten vil det komme på plass endå fleire nye golvbelegg, samt aggregat som skal gi betre inneklima.

Dei ytre rammene betyr sjølvsagt litt, men det viktigaste for å skape ein god skule er likevel det me saman får til i skulekvardagen gjennom samspelet mellom lærarane og elevane. Det står ein haug dyktige og engasjerte lærarar klar til å ta i mot dykk, og til å bidra til at de lærer i dei ulike faga, men her har de eit ansvar sjølve også for å delta aktivt og gjere det de skal.

På skulen vår meiner me at trivsel er avgjerande som grunnlag for læring. Difor er me ein Drømmeskule, noko som vil seie at me brukar elevmentorar aktivt i det trivselsskapande arbeidet på skulen. Elevmentorane har ansvar for ulike klassar, og skaper ein del elevaktivitet og kan vere gode kontaktpersonar.

Sist, men ikkje minst, ei klår oppmoding: Ver greie og snille med kvarandre, slik at de saman med lærarane og dei andre tilsette kan bidra til å skape eit godt skulemiljø også i dette skuleåret.

Hjarteleg velkommen skal de vere!