Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ønskjer fem nye klassar

Bilete nye utdanningsprogram.jpg

Austrheim vidaregåande skule har plass til fleire elevar. Leiinga ønskjer no å etablere fleire nye utdanningsprogram.

Rektor Frode Hervik ønskjer å opprette følgjande klasser:

  • Restaurant og matfag vg1 (frå 2020/2021)
  • Kokk– og servitørfag vg2 (frå 2021/2022)
  • Naturbruk vg1 (frå 2020/2021)
  • Akvakultur vg2 (frå 2021/2022)
  • Helsearbeidarfag vg2 (frå 2020/2021)

– Vi har lagt opp til at det skal vere ein balanse mellom tilbod og etterspurnad etter kompetanse i næringslivet og i offentleg sektor, seier han.

Avdelingsleiar for yrkesfaga, Helge Dyrkolbotn, seier behovet for faglært arbeidskraft er stort. – Ifølgje NHO Reiseliv, manglar det tusen kokkar i Noreg. I ein kompetanserapport for Nordhordland som kom i vår, vert det også etterlyst restaurant– og matfagutdanning i regionen. Næraste tilboda for restaurant– og matfag i dag fins på Sandsli i sør og Førde i nord. Det vert langt å reise for studerande nordhordlendingar, om dei ikkje vil flytte på hybel.

Når det gjeld linja naturbruk, er det mange akvakulturbedrifter i Nordhordland, Gulen og Solund. – Det er ein del ressursar å byggje på i distriktet. Desse bedriftene gir klart uttrykk for at dei har behov for lærlingar innan akvakultur, og meir spesialisert innan biologi og teknologi, seier han.

Dei som vil utdanne seg som helsefagarbeidarar, vil også ha gode sjansar på arbeidsmarknaden, trur rektoren. – Den lenge varsla eldrebølgja vil føre til eit større behov for helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Det er estimert at det kjem til å vere behov for 475 helsefagarbeidarar i regionen i 2035. Hervik ser føre seg å samarbeide med sjukeheimen på Austrheim, som ligg like ved skulen.

Kva som skjer vidare, er opp til fylket. Opplæringsavdelinga klargjer no saka til handsaming i komiteen, som skal ha møte 2. desember.

– Vi er veldig spente, og håper politikarane ser positivt på det vi kjem med. Å få fleire linjer vil vere eit kjempeløft for skulen, og det vil vere veldig bra for elevane i området å få eit breiare tilbod, seier Hervik.

Dyrkolbotn håper nye linjer vil føre til at fleire ungdomar vert verande i distriktet. – For dei som bur i Eivindvik, på Byrknes og Solund, vil det vere mogleg å ta båtruta til kaia rett nedanfor skulen. Då får dei ein times skuleveg, kontra å flytte på hybel i Førde, Dale eller Sogndal. Om ein flyttar ut som 15-16-åring, er det mindre sjanse for at ein flyttar heim att.

(Sitata og biletet er henta frå Strilen 04.11.19, https://www.strilen.no/nyheiter/i/0nqEq2/vil-ha-fem-nye-klasser-paa-austrheim-vgs)