Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ny klasse til Austrheim vgs

Helsefagarbeidar I.JPG

Austrheim vgs får ein ny klasse ved at tilbod i Helsearbeidarfag vg2 vert oppretta.

- Dette er svært kjekt, og me håpar at det at me no kan tilby vg2 i både Helsearbeidarfag og Barne- og ungdomsarbeidarfag vil få fleire til å søkje Austrheim vgs. I framtida er det absolutt behov for helsefagarbeidarar, seier rektor Frode Hervik.

I følgje rapporten om kompetansebehov i Nordhordland, inkludert Solund og Gulen, vil det i 2035 mangle 475 helsefagarbeidarar her. -Såleis er det absolutt behov for eit slikt utdanningstilbod, og me er glade for at dette no kjem på plass, seier Hervik.