Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Hurtigtesting

Hurtigtesting 3.jpg

Tilbod om opplæring i hurtigtesting.

På Austrheim vgs får alle elevar og tilsette tilbod om opplæring i hurtigtesting torsdag 27.5. Denne dagen vert det også gjennomført testing.

Opplæringa er ein del av eit prøveprosjekt som varer til utgangen av mai i Vestland fylkeskommune for å gjere alle skulane i stand til å gjennomføre hurtigtesting, dersom smittesituasjonen skulle tilseie at det vil vere til nytte for å avdekke smitte og skape auka tryggleik i skulemiljøet. Per no tilseier ikkje smittesituasjonen det, men dette kan raskt endre seg. Hurtigtesting er ein god reiskap i situasjonar med høgt smittetrykk, og vil bli tatt i bruk igjen i samråd med smittevernmynde dersom slik situasjon skulle oppstå.

Førebels blir det gjennomført testing 27.5 og 31.5.

Testinga er frivillig, men det er tilrådd at alle deltek. Skulen har laga klåre prosedyrer for korleis ein skal handtere eventuelle positive testresultat.