Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

40 års-jubileum

40 års-jubilant.jpg

Jubel for 40 års-jubilanten Austrheim vidaregåande skule

I haust er det 40 år sidan skulen starta opp som eigen skule.

Hausten 1978 var skulen administrativt ein filial under Nordhordland yrkesskule, Knarvik. Frå hausten 1979 fekk skulen eigen rektor og administrasjon og fekk namnet Austrheim vidaregåande skule.

- Austrheim vgs er ein skule for framtida med fantastiske elevar og tilsette. Framover skal me bli endå meir attraktiv og nyskapande gjennom eit spennande utviklingsarbeid. Vår styrke ligg i at me er flinke til å sjå den enkelte elev og har eit godt skulemiljø der elevane trivst. Sjølvsagt skal me nytte 40-årsjubileet til å feire oss sjølve litt, seier Frode Hervik, rektor.