Vg1 Naturbruk
Naturbruk er eit utdanningsprogram for utdanning innan primærnæringane.
Naturbruk er eit felles Vg1 for mellom anna akvakultur, fiske, landbruk, skogbruk med andre ord fag som handlar om miljø.
Alt etter kva interesser du har, får du prøva deg i praksis i ulike fag.
Naturbruk gir deg både allmennkunnskap og yrkeskompetanse med sjanse til å ta fagbrev. Fagbrev kan du ta etter 4 år – 2år på skule og 2 år i lære.
Skulen legg opp til besøk i ulike bedrifter: fiskebåtar, fiskeindustri, oppdrettsanlegg samt Austevoll havbruksstasjon.
Fiskeskipper klasse C er med i studiet, samt utplassering 2-3 veker på fiskefarty, eit oppdrettsanlegg eller på ein notverkstad.
Tidleg i skuleåret gjennomfører elevane grunnleggjande tryggleiksopplæring for sjøfolk (50 timar). Dette kurset er eit krav for alle som skal ha havet som arbeidsplass.