Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skulestart 2020

Måndag 17. august brakar det laus att med eit nytt skuleår og me gler oss over flotte søkartal som gjer at me har fulle klassar og lange ventelister til fleire av programområda våre. Det er kun på vg1 studiespesialiserande me har rom for fleire elevar.

Grunna smitteverntiltak, vil me ikkje kunne samle alle elevane til felles skulestart, men må få ønske dykk velkomen i fleire puljer. Første skuledag vil av den grunn sjå slik ut:

Måndag 17. august: Velkomsttale og informasjon i auditoriet ved rektor.
08.30: vg1 naturbruk a, b og c
09.30: vg1 studiespesialiserande, helse og oppvekstfag og teknologi- og industrifag
10.30: vg2 fiske og fangst a og b + akvakultur
11.30: vg2 maritime fag a og b

Me vil ønske alle elevar hjarteleg velkomen og gler oss til eit spanande og lærerikt skuleår saman med dykk!