Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lærebøker

Lærebøkene dine får du utlevert på biblioteket.

Før du låner bøker for første gang på skulen må du ha fylt ut og signert digital lånekontrakt. Ein loggar seg inn med MinID eller BankID.

Når alt er korrekt utfylt vil du få kvittering på skjermen og tilsendt på epost. Kvitteringa må takast med når du skal låne lærebøker. Versjonar som blir godtatt er utskrift, screenshot eller epost med kvittering på mobil.

Dersom du alt har lånekort/bibliotekkort frå vårt bibliotek eller eit anna bibliotek, er det fint om du også tar det med når du skal låne lærebøker. Du kan også skaffe deg digitalt nasjonalt lånekort via Nasjonalbiblioteket.

Vanleg lånetid for lærebøker er ut skuleåret. Dersom du låner ei ekstra bok er lånetida kortare.