Om Skulen
Velkomen alle elevar og alle studentar til lærestaden her i Austevoll!
Dette er no din skule og her skal du trivast og her skal du lære.
Visjonen til skulen er at alle som får si utdanning her skal utmerke seg ved at dei har fått ”noko ekstra”. I tillegg til å bli flinke og dugande i faga og yrket de har valt, så skal de også få det ekstra som danning og kultur tilfører.
Mottoet vårt er ”Stø kurs mot nye horisontar” og er ein god leveregel for alle som er på veg mot noko ein ikkje veit heilt kva er. For kva ligg framfor unge som utdannar seg i dag? I ei verd som er i endring med teknologi og samfunn som utviklar seg fort? Ingen veit sikkert. Då er det viktig og heilt naudsynt å halde ein stø kurs framover og å alltid vere open i høve til ny kunnskap, ny lærdom; for å kunne møte den nye og spanande framtida godt førebudd.
Og dette er det alle tilsette ved skulen har som oppgåve: å hjelpe alle elevar og alle studentar til å sette seg mål og å arbeide målretta for å nå desse. Me skal støtte og hjelpe og me skal aldri gje opp!
Velkomen og lukke til! Og hugs: Stø kurs…….
Utviklingsplan Austevoll vgs 2020-2022