Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Truck

Mål for truckopplæring ved lærestaden er sertifikat-gjevande opplæring for våre elevar og eksterne kjøparar av kurset.

Tryggleik er særskilt lagt til grunn for gjennomføring av opplæringa og er eit overordna læringsmål. Gjennom god og grundig opplæring etter godkjente læreplanar, og etterlevde tryggleiksrutinar for opplæring og utstyr, skal kursdeltakarane få praktisk og teoretisk opplæring som fører fram til sertifikat. Det er Austevoll vidaregåande skule si målsetting at kurstenester frå skulen skal oppfylle eigne elevar, eksterne kursdeltakarar og relevante styresmakter sine krav og forventningar. Alt opplæringspersonell ved Austevoll vgs skal halde eit kompetansenivå som sikrar riktig kvalitet på alle leveransar.