Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Redningsfarkost og mob-båt

I fjor haust vart me godkjend av Sjøfartsdirektoratet til å ha kurs for førarar av redningsfarkost og mob-båt (mann over bord).

Me har allereie hatt kurs  for elevar ved Bergen Maritime vgs. Ny læreplan for matrosane stiller krav om å ha dette kurset og me er glade for å kunne ha det for våre eigne elevar og elevar frå Rubbestadneset og Bergen Maritime, totalt 75 elevar. Seinare skal me køyre kurs for næringa og. Me er også glad for samarbeidet skulen har inngått med Austevoll Brann- og redningsteneste for bruk av hurtiggåande redningsbåt til undervisning og kursverksemd!

Snuflåte_o.jpg