Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Høyspentkurs for maskinoffiserar

Austevoll vidaregåande skule vart godkjent av Sjøfartsdirektoratet 12. juni 2014, til å drive høyspentkurs.

Kurset vert gjennomført i tråd med Sjøfartsdirektoratet sin sist reviderte emneplan;

"Oppgradering for maskinoffiserer- Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjoner på operativt og ledelsesnivå". 

Høgspentlabben er prosjektert og levert av Electro Automation Austevoll AS. Dei har og bygd lågspenttavlene, medan høgspenttavla kom frå Schneider (Frankrike) i november 2014.

Kurset har eit omfang på 70 timar, der 20 timar vert gjennomført før ein tek siste kursveka ved Austevoll vidaregåande skule.

10 timar er e-læringskurs og 10 timar er oppgåver som vert tilsendt per e-post.

Siste del av kurset (måndag til fredag) er på 50 timar (à 45 min), der omlag 25 timar er praktiske oppgåver i høgspentlab.

Timeplanen er sett opp etter ferjetidene, slik at det er gode høve for dei som bur til dømes i Bergen, eventuelt Stord/Haugesund å pendle desse dagane. Ferje frå Krokeide  0725 og frå Sandvikvåg  0715.

Prisen på kurset er kr.  27 000. Dette inkluderer 10-timars e-læringskurs (FSE lav- og høgspenning), 10 timar med oppgåver og 50-timars kurs på skulen/høgspentlab.  

(Prisen inkluderer kursmateriell, lunsj, kaffimat og kaffi, dei 5 kursdagane på skulen.)

For meir info, kontakt avdelingsleiar Håvard Magnus Njåstad.