Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjon til elevane

Heile landet er no i ein situasjon som er ny og utfordrande. Det er mykje nytt både for lærarar og elevar og me vil alle ha ein bratt læringskurve når det gjeld nettundervisning. Me veit at det å ha heimeundervisning og vere isolert frå klassen og venner kan by på ulike utfordringar, så me på Austevoll vgs ønsker å vere tilgjengeleg for alle elevane våre.

De er velkomen til å ta kontakt med oss mellom kl. 08.00 og 15.30, måndag til fredag. Om me sitt i møter eller er oppteken, vil me ringe deg opp att.

Kontaktlæraren din har du allereie telefonnr. og e-post til.

Har du spørsmål om utdanninga di eller om særskilt oppfølging? Kontakt rådgjevar: Helga Rabben: helga.taranger.rabben@vlfk.no.

Du kan også kontakte elevrettleiar Andreas Risøy: andreas.risøy@vlfk.no 
Send ein e-post, så vil rådgjevar eller elevrettleiar svare og avtale ei tid for samtale.

Helsesjukepleiar, Hege Austevoll kan kontaktas på mob. 952 14 473.
Alle elevar som ynskjer det kan ringe Hege om dei har spørsmål om korona generelt eller kjenn seg ekstra engstelege grunna koronautbrotet.


Med venleg helsing
Vivian Bjånesø Horgen
rektor v/Austevoll vgs