Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Livsmeistring og førebyggande rusarbeid

rus-8.jpg

Sist veke hadde politiet i Austevoll v/Truls Gunntveit og Vidar Mjåtvedt foredrag for alle vg1 klassane våre. Tema var trafikktryggleik, nettvett, rus og livsmeistring.

Veka vart avslutta med eit fantastisk nært, ærleg og modig foredrag av Claus Lundekvam, erfaringskonsulent i Austevoll kommune. Austevollingen som spela 12 ½ sesong på Southampton, der han var kaptein i 6 av sesongane. Claus var og fast mannskap på det norske fotballandslaget i fleire år.

Både Truls og Claus har ei imponerande evne til formidling og elevane satt som tente lys og tok til seg av kunnskap og erfaring som vart delt med dei desse dagane.

Me er umåteleg takksam for samarbeidet med politiet og Austevoll kommune og det viktige arbeidet de gjer innan kunnskapsdeling, informasjon og førebyggande rusarbeid.

rus-1.jpg
rus-2.jpg
rus-3.jpg
rus-4.jpg
rus-5.jpg
rus-6.jpg
rus-7.jpg