Skulen har to klassar for særskilt tilrettelagt opplæring:
Arbeidstrening og kvardagslivstrening
Opplæringa er knytt til programområdet idrettsfag og friluftsliv. Ut over dette, vert opplæringa tilrettelagt ut frå programområda til skulen (Helse- og oppvekstfag og Bygg- og anleggsteknikk). Vi fokuserer på fysisk aktivitet i kvardagen, og på livsstil, kost og helse.
Det vert lagt vekt på praktisk opplæring og aktivitet, og klassen har ein fast turdag i veka. Dette er ein læringsarena med mange mogelegheiter. Vi gjennomfører turane uansett vêr. På desse turane legg vi inn praktisk arbeid og opplevingar, sosial læring og samspel.