Vg1 Teknikk og industriell produksjon.
I løpet av Vg1 vil du tileigne deg grunnleggande kunnskap om produksjon, tekniske tenester, dokumentasjon og kvalitet. Du vil få trening i planlegging av arbeid, bruk av verktøy og måleinstrument, overvaking og drift av manuelle og automatiske prosessar, og materialkunnskap.
I programfaga vil du få lære å merke, dreie, frese, bore, skjære, sveise og lodde ulike metall. Du vil og få lære å montere/demontere maskinar, elektronikk, samt kople opp pneumatiske og hydrauliske ventilar og synlindrar.
Som fagarbeidar vil det bli stilt krav til kunnskap om helse, miljø og tryggleik. Dette er noko vi legg stor vekt på.
Bedrifter i dag er gjerne på eit høgt teknisk nivå i eit internasjonalt miljø. Dei etterspør gjerne ungdom med praktiske og teoretiske kunnskapar, og som òg er flinke i framandspråk.
Å kunne bruke IKT som verktøy er viktig i alle fag, Mellom anna vil du få lære å teikne på PC.
Læreplan Vg1