Vg1 Studiespesialiserande
Å kunne meistre framandspråk gir deg tryggleik og større mogelegheiter i dei fleste utdanningsløp og i yrkeslivet. På Askøy vgs kan du velje mellom tysk, fransk og spansk.
Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Ønskjer du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Askøy vidaregåande skule er skulen din i nærmiljøet. Du slepp kø og lang reisetid.
Hos oss kan du kvalifisere deg til kva som helst studium i innland og utland i løpet av tre år.
Vi tilbyr både språk-, økonomi- og samfunnsfag og realfag for å kunne meistre utfordringane i livet. Hos oss får du eit sterkt internasjonalt fokus og som elev får du tilbod om utanlandsturar på alle nivå.
Søk skuleplassOm du ønsker å spesialisera deg innan språk, samfunnsfag, økonomifag eller realfag står heile verda open for deg.
Vi ønskjer aktive elevar som òg vil utfordrast. Det du lærer hos oss skal gi deg gode utgangspunkt for vidare studium, til dømes på høgskular og universitet.
I tillegg til rein fagkunnskap vil òg den sosiale læringsformen stå sentralt. Ein møter andre sine syn og ståstader, og lærer seg å ta del i meiningsutveksling og jobbe med prosjekt saman med andre elevar.
Les meir om studiespesialisering på vilbli.noÅ kunne meistre framandspråk gir deg tryggleik og større mogelegheiter i dei fleste utdanningsløp og i yrkeslivet. På Askøy vgs kan du velje mellom tysk, fransk og spansk.
På Vg2 vel du programområde. Du må ha fordjuping innan to fag på ditt eige programområde. Dette er fag du må ha over to år. I tillegg kan du velje fag frå andre programområde.
Elevar som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen må ha fransk i tre år, medan dei andre normalt avsluttar opplæringa i framandspråk etter Vg2.
Har du lyst å ta Vg2 i TysklandLæreplanar Vg2
På Vg3 held du fram med to programfag innan programområdet ditt. I tillegg vel du fritt eit tredje programfag. Dette kan du òg velje frå Vg2- fag.
Har du ikkje valt? Då kan du få gode tips på utdanning.no.
Samordna opptak
Avdelingsleiar
Rådgjevar 1STA, 1STB, 2STUSPC, 3STUSPA, 3STUSPC
Rådgjevar 1STC, 2STUSPA, 2STUSPB, 3STUSPB