Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.

Vi tilbyr

I påbyggingsklassane møter ein elevar frå fleire ulike utdanningsprogram. Mange kjem frå to år på yrkesfag, medan andre har hatt pause frå skule nokre år.

Dette mangfaldet av ulike ressursar og evnar gjer klassane til ein spanande og kreativ stad å vere. Her er det mykje læring, mykje teori, mykje lekser og mykje god stemning.

Kvifor velje påbygg?

Har du gått eit yrkesfagleg program, men funne ut at du vil studere vidare på høgskule eller universitet? Er studiekompetanse målet ditt? Då bør du søke påbygging til generell studiekompetanse.

For opptak til visse studium vert det kravd spesiell studiekompetanse med fordjuping i matematikk eller andre realfag.

Tredje året

Kjemibok_web.jpg

Vg3 Påbygging

Faga på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse er krevande, og elevar som søker påbyggingsåret må vere motivert for mykje teori. For å få generell studiekompetanse, og dermed komme inn på høgskular eller universitet, er det ein føresetnad at faga frå påbygg er bestått. Du bør ha gode karakterar frå fellesfaga på Vg1 og Vg2 som grunnlag for å gjennomføre dette året. Er du motivert og klar for å arbeide godt med faga? Då er påbygg det rette for deg!

Før du begynner på Vg3 Påbygging til generelle studiekompetanse må du ha fullført eitt av desse tre alternativa:

Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
Vg1 studieførebuande og Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
Yrkeskompetanse med fag- eller svennebrev

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du og informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no

Utdanning.no - Kva vil du bli? Samordna opptak

Ta kontakt

Avdelingsleiar
Profilbilde av Axel Ivar Hansen

Axel Ivar Hansen

Send e-post 56152305
Rådgivar
Profilbilde av Anne Cathrine R Meyer

Anne Cathrine R Meyer

Send e-post 56152311