Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Kvifor velje Askøy?


Askøy videregående skole er skulen din i nærmiljøet. Du slepp kø og lang reisetid. Vi har mykje praksis – både på skulen og utplassering i føretak. Vi har godt samarbeid med Askøy kommune om utplassering i nærmiljøet. Vi har eit godt fagleg miljø med høgt kvalifiserte lærarar.

Kvifor helse- og oppvekstfag?


Dette er utdanninga for deg som ønsker å arbeide med menneske – anten som fagarbeider, eller om du tenker å gå vidare på høgskule. På helse- og oppvekstfag vert du kjent med arbeidsoppgåver knytt til omsorg og pleie av menneske i alle aldrar. Det er maks 15 elevar i kvar klasse, noko som fører til at alle elevane kan få nær kontakt med lærarane.
Utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag kan gje deg mange jobbmogelegheiter, både i det private og offentlege.
Les meir om faget på vilbli.no

Første året

_DSC7377.jpg

Vg1 Helse- og oppvekst


Helse- og oppvekstfag representerer ulike arbeidsområde innanfor tilbodet av oppvekst og helsetenester. Det vert lagt stor vekt på ei bevisstgjering av elevane sine eigne haldningar og ferdigheiter og at ein kan arbeide med menneske i alle livssituasjonar.

Vg1 helse- og oppvekstfag fører til 12 ulike yrke: aktivitør, ambulansearbeidar, apotekteknikar, barne- og ungdomsarbeidar, fotterapeut, helsefagarbeidar, helsesekretær, hudpleiar, IKT-servicearbeidar, ortopediteknikar, portør og tannhelsesekretær.

Andre året

_ImGP7576.JPG

Vg2 Helsefagarbeidar


Å vere helsefagarbeidar krev at du likar å ha nær kontakt med menneske. Du må vere pliktoppfyllande, påliteleg, og villig til å ta ansvar. Det er òg viktig at du kan samarbeide med andre og kunne arbeide sjølvstendig. Helsefagarbeidaren arbeider i heimetenesta, på sjukeheim og sjukehus.

Opplæringa i faget skal utvikle evne til å møte menneske med ulik kulturell bakgrunn i ulike livssituasjonar. Helsefagarbeidaren skal kunne observere og bruke kunnskap om ulike sjukdomar, skadar og lidingar, og til å sette i verk førebyggande eller behandlande tiltak.

I programfaga arbeider du med helsefremjande arbeid, yrkesutøving og kommunikasjon og samhandling.

 

Læreplan Vg2 Helsefagarbeidarfag

 

oppvekst.jpg

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag


På Barne- og ungdomsarbeidarfaget får du kunnskap om fysisk og psykisk helse hos barn og unge. I programfaga lærer du om helsefremjande arbeid, kommunikasjon og god yrkesutøving.
Utdanninga legg grunnlaget for arbeid i barnehagar, skular, fritidsordningar og klubbar.

 

Læreplan Vg2 Barne- og ungdomsfagarbeidarfag

Vegen vidare

For dei fleste yrke innan helse- og oppvekstfag er opplæringsløpet to år på skule, og så to år i lære. Etter det kan du ta fagbrev.
Dersom du har tenkt å utdanne deg til førskulelærar, sjukepleiar, vernepleiar e.l. kan du i staden for å gå i lære, velje å ta det 3. året på vidaregåande skule. Dette påbyggingsåret tek du fellesfag. Dette vil gi deg generell studiekompetanse.
Ta påbygg?
Bi lærling Utdanning.no - Kva vil du bli?

ta kontakt

Avdelingsleiar
Profilbilde av Åse Stensland

Åse Stensland

Send e-post 56152306
Rådgivar
Profilbilde av Anne Cathrine R Meyer

Anne Cathrine R Meyer

Send e-post 56152311