Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søkjer læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Askøy?

På Askøy vgs. får du grunnleggande ferdigheiter som fører til eit mangfald av yrke for installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system.

Du som vel elektrofag, må kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert. Logisk tenkemåte og kreativitet er viktig, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt.

Kvifor elektrofag?

Ei utdanning innan elektrofag gir deg innfallsport til mange spanande og interessante yrke. Heile vårt moderne samfunnsapparat er avhengig av elektrisitet og apparat basert på elektrisk energi. Lys og varme, tele- og datakommunikasjon, maskiner i hushaldet og industrien er berre nokre av mange eksempel der elektrisitet er absolutt nødvendig.

Samfunnet krev auka sikkerheit og nye elektriske system, og dette krev kompetente fagfolk ved installasjon, drift og vedlikehald.

Les meir om elektrofag på Vilbli.no

Første året

_DSC7269.jpg

Vg1 Elektrofag

I tillegg til ei heilskapleg system- og sikkerheitsforståing, lærer du på Askøy vgs. god serviceinnstilling og evne til å kommunisere med brukarar, support-personell og kollegaer. 

Elektrofag er utdanningsprogrammet for deg som har lyst å jobbe innan elektrisitetsforsyning, installasjon eller innan data- og elektronikkbransjen. Du må vere nøyaktig og systematisk. Du bør òg ha gode evner til å tenke logisk og vere praktisk orientert.

Læreplan vg1

 

Andre året

_DSC7264.jpg

VG2 Elenergi

Med Vg2 Elenergi som fordjuping, kan du velje mellom åtte ulike fagbrev, alt frå elektrikar til heismontør.

Nært samarbeid med el-bedrifter i området gir ein fin balanse mellom teoretisk og praktisk opplæring. Eksamen frå Vg2 gir deg sjansen til å søke læreplass i ei bedrift, slik at du kan ta fagbrev. Vegen mot fagbrev etter Vg2 tek vanlegvis 2,5 år.

Har du lyst på endå fleire utfordringar, anbefaler vi deg å søke Vg3 påbygging for å oppnå generell studiekompetanse, som gir tilgang til studium ved høgskular og universitet.

Har du lyst å ta Vg2 i Tyskland?

 

Læreplan Vg2 Elenergi

vegen vidare

Etter to år på skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter. Vil du vite meir om dette, kan du bruke lenkene under. 

Bi lærling Søk skoleplass Ta påbygg?

ta kontakt

Avdelingsleiar
Profilbilde av Thor Andreassen

Thor Andreassen

Send e-post 56152307
Rådgivar
Profilbilde av Wenche Hopland

Wenche Hopland

Send e-post 56152310