Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Askøy?

Hos oss legg vi til rette for at det du ønskjer å bli, skal vere førande for kva undervisning du skal ha i dei praktiske faga det første skuleåret.

Vg1 er felles for alle som tar Bygg- og anleggsteknikk. Skulen har to klassar med til saman 30 elevplassar.  

På Vg 2 kan du ta Byggteknikk her hos oss.

Kvifor byggfag?

Det er ca. 22 fag som rekrutterer lærlingar frå Vg1 Bygg- og anleggsteknikk, og vi ønskjer at du som ser føre deg ei yrkeskarriere innan byggebransjen, skal få best mogeleg start på denne utdanninga.

Prosjekt til fordjuping er eit fag som gir deg sjansen til å bli betre kjent med fleire forskjellige fag i byggebransjen.

Les meir om faget på Vilbli.no

Første året

_DSC7505.jpg

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Vi legg stor vekt på at det blir mykje praktisk arbeid på verkstaden og at du får bygge og gjere praktiske øvingar som er i samsvar med faget du har valt.

Vi har eit utmerka samarbeid med dei fleste byggefirmaa på Askøy, og dermed gode mogelegheiter for at du kan bli utplassert i ei bedrift i delar av skuletida. Vi legg òg til rette for at du som vel nokon av dei andre faga skal få ei så god opplæring som mogeleg.

Læreplan Vg1

Andre året

_DSC7480.jpg

VG2 Byggteknikk

På VG2 Byggteknikk får du opplæring innan fire fagområde:

  • Tømrarfaget
  • Murarfaget
  • Betongfaget
  • Stillasbyggarfaget

I «Prosjekt til fordjuping» vel du å fordjupe deg i eitt av fagområda. På Vg2 har vi eit godt samarbeid med næringslivet i Bergen vest. Her vil du, i ein viss periode, bli utplassert ein til to dagar i veka. Sjansen til å gjere deg kjent med faget og å få læreplass i faget du har valt er stor.

Læreplan Vg2

Vegen vidare

Etter to år på skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter. Vil du vite meir om dette, kan du sjekke ut lenkene under.

Utdanning.no - Kva vil du bli? Bi lærling

ta kontakt

Avdelingsleiar
Profilbilde av Thor Andreassen

Thor Andreassen

Send e-post 56152307
Rådgjevar
Profilbilde av Wenche Hopland

Wenche Hopland

Send e-post 56152310