Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lån og stipend

Er du elev og har ungdomsrett, kan du få utstyrsstipend frå Lånekassa. Du får stipendet uansett kor mykje foreldra dine tener.

Hugs at du må søkje om stipendet for å få det utbetalt. Når du søkjer, sjekkar Lånekassa automatisk om du har rett til andre stipend òg, som til dømes grunnstipend eller bustipend.

Når kan eg søkje?

Du må takke ja til skuleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skuleplass.

Når du har fått skuleplass, søkjer du om stipend på lanekassen.no eller vigo.no. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Lærlingar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend.

Korleis får eg pengane?

Du loggar inn og sjekkar resultatet av søknaden på sidene dine på lanekassen.no. Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga/gjeldsbrevet til skulen din. Hent brevet der når skulen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skulen har starta. For å få pengane til kontoen din må du skriva under på brevet (stipendmeldinga/gjeldsbrevet) og sende det tilbake til Lånekassa. Er du under 18 år, må òg ein av foreldra dine skriva under.