Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Korona og stengd skule

Det er mykje informasjon som strøymer på i desse koronatider. På denne sida prøver vi å samle all informasjon frå skulen. Her kan du som elev eller føresett lese om stenginga av skulen, undervisning medan skulen er stengd, skulehelsetenesta, rådgivarane, kva som skjer med russetida, sosiale tilbod og andre aktuelle saker.

Siste nytt 

Studiedag på måndag

For å kunne planlegge korleis skulen skal opnast for fleire elevar er det bestemt at elevane får studiedag (til eigne studier, utan undervisning) mandag 11.5.2020.

I løpet av mandag kjem det meir informasjon om korleis skulen skal ta imot elevane i vekene som kjem.

Oppdatert info om pandemia frå Vestland fylke

 

  

Kontakt

Skulen er ope alle dager igjen frå måndag, 11.mai.

Kontoret er ope 8:00 til 15:00

tomt klasserom.jpg

Stenging av skulen - informasjon for elevar og føresette

Skulen er stengt - førebels -  til og med 13.april 2020. 

All undervisning vil foregå på nettet. Det er ikkje fri, men skole heime! 

Hald god kontakt med kontaktlærar, og ta kontakt med faglærar dersom du har spørsmål. 

Lærarane har lagt inn eit nettbasert møtepunkt i sitt fag på it's learning. Her skal dykk delta i starten av kvar time etter timeplanen. Oppmøte blir registrert i skolearena. I tillegg til nettmøtar blir det gitt oppgåver som de må arbeide sjølvstendig med.  Det er difor viktig at du loggar deg på Itsl, i tillegg til andre læringsarenaer som lærar har gitt melding om. 

Informasjon frå Vestland fylkeskommune

Brev sendt ut om stenginga 12. mars:

Informasjon til elevar og føresette

 

Info om elevar i utlandet, elevbetaling på internat, lærling og praksiskandidater og fagprøvar i forbindelse med korona:

Diverse info
livkontor.jpg

Undervisning på nettet

It's Learning

Lærarane har lagt inn eit nettbasert møte i faget sitt på It's Learning. Her skal de delta i starten av kvar time etter timeplanen.

Gløymt passord til Its Learning? Gå til Skoleportalen og vel byt passord.

Google meet i undervisningen

  • Tider følgjer webuntis.
  • Elevane følger lenka til Google meet som er lagt inn i ITSL frå lærer.
  • Elevane kan logge seg inn, anten med gskole eller sin eigen gmail. Klikk på lenka til Hjemmeundervisning på ITSL.
  • Elevane må settte mikrofonen sin på muta og ha lyden på pcen sin slik at dei høyrer kva lærar seier.
  • Ikkje levert oppgåve = fråvær!

Digital leksehjelp

Sjølv om fysisk leksehjelp frå Røde Kors er innstilt inntil vidare, er Digitalleksehjelp.no framleis open og tilgjengeleg frå måndag-torsdag frå kl. 17:00 - 21:00.

Bibliotektenester i koronastengetida
tomt gang.jpg

Heimeskule og fråvær

Så lenge skulene er stengde skal ikkje skulene føre fråvær som

  1. kjem på vitnemålet eller kompetansebeviset, eller
  2. går på fråværsgrensa

Du må framleis møe og delta aktivt i opplæringa slik at læraren din får grunnlag til å vurdera deg i faget. Sjølv om skulane er stengde skal du likevel få standpunktkarakter. Derfor er deltaking og nærvær like viktig no som før.

Fråvær ved planlagt oppmøte i Google Meet eller ved manglande innleveringar/prøvar vert no registrerte gjennom ein eigen fråværskode i Skulearena som er kalla: heimeskole.

Eit slikt fråvær vil ikkje påverke 10%-regelen i faget eller komme på vitnemålet etter skuleslutt. Men det gir lærarar ei nødvendig oversikt over kven som møter, og kven som leverer frå seg oppgåver og stiller på prøvar!

Hovudfokuset fram mot sommaren vil nemleg vera læring – og vurderingsgrunnlag i faga de har, og skal vi alle lykkast her må du og lærarane samarbeida godt. Du må trene på å skaffe deg ein god arbeidsdisiplin, jobbe litt kvar dag, vere til stades når læraren ber deg møte til nettmøte, og levere frå deg oppgåver og stille til ulike vurderingssituasjonar!

SAMAN skal vi klara dette!

Endra fråværsgrensa

Rådgjevare

Vi er her for deg

Er du stressa, bekymra eller uroleg over situasjonen vi no er i og treng ein prat? Då er det mogleg å få til ein telefonsamtale. Gi kontaktlærar ein lyd - så tar vi kontakt.

Forstår du ikkje informasjonen om oppgåver/timeinnhald på it's learning? Då er det mogleg å få til ein telefonsamtale. Gi kontaktlærar ein lyd - så vil dette samarbeidet med oss om korleis vi løyser det.

Manglar du framleis utstyr/bøker? Då er det mogleg å få til henting av dette. Gi kontaktlærar ein lyd - så er vi behjelpelig dersom du ikkje får organisert dette sjølv.

Forresten er det viktig at du framleis tar kontakt om det du vanlegvis ville brukt oss til. Treng du nokon å prate med om anna enn Korona så er vi her. Vi hjelper til med karriererettleiing - spesielt interessant for 3. klasse stusp og påbygg. Vidare er vi her for deg dersom du opplever personlege eller sosiale utfordringar som påverkar kvardagen din og skulearbeidet. Kva gjeld dette siste punktet kan du både gå via kontaklærerer - eller ta direkte kontakt med oss på tlf.

Helsing,

Marie Louise, Helene og Stein

Ta kontakt

Rådgivar studiespesialiserande
Profilbilde av Helene Aase Rud

Helene Aase Rud

Send e-post 48280928
Rådgjevar studiespesialiserande og helse
Profilbilde av Marie Louise Landøy

Marie Louise Landøy

Send e-post 45633489
Rådgivar yrkesfag
Profilbilde av Stein Pettersen

Stein Pettersen

Send e-post 48280853
Miljøfagarbeidar / MOT-koordinator
Profilbilde av Hogne Mjelstad

Hogne Mjelstad

Send e-post 93494916
Corona.jpg

Livskrisehjelpen

Livskrisehjelpen ved Bergen legevakt er tilbodet i Bergen kommune til menneske i akutte livskriser. Dette kan vera alvorlege livshendelser som ulykker, tap av nære personar i brå død eller sjølvmord, vanskelege samliv eller samlivsbrot.

Slik søker du hjelp i en livskrise:

Du treng ingen avtale eller tilvisning, men ring gjerne på førehand: Tlf. 55 56 87 54. Du kan òg møta opp direkte dersom du ønsker det.
Livskrisehjelpa held til i same bygg som Bergen legevakt i Solheimsgaten 9. Opningstidene er:

  • Kvardager: kl. 08:30 - 22:30
  • Helg / helligdager kl. 12:00 - 20:30

Utanom desse tidene er det mogleg å oppsøka Bergen legevakt for å få hjelp. Legevakta er open heile døgnet.

Du kan også kontakte Livskrisehjelpen for å komme med bekymringsmelding om alvorlig psykisk sykdom hos personer som ikke selv søker hjelp. Livskrisehjelpen gir råd og veiledning og kan kontakte fastlege om behov.

Støttetelefon frå Vestland fylke

Vestland fylkeskommune opprettar eit lågterskel tilbod, kor dei unge kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse. Tilbodet er eit supplement til skulane sine tilbod.

Meir om støttetelefon

 

 

030420_Facebookpost fra Lånekassen_Alle får utbetalt støtten for vårsemesteret i april4.jpg

Tiltak frå lånekassen

Mange studentar og elevar har mista inntekt frå deltidsjobbar som følgje av koronasituasjonen. Lånekassen jobbar med tiltak for å hjelpe elevar og studentar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. I den samanheng ber Lånekassen om at lærestadene rettleier elevar og studentar som har spørsmål om tiltaka, og dei som treng hjelp i søknadsprosessane. 

Regjeringa har lagt fram tre forslag til tiltak gjennom Lånekassen:

  • Lånekassen utbetaler resten av studiestøtta for semesteret i april
  • Fristen for å søkje lån og stipend er utvida til 15. april
  • Studentar som har mista inntekt kan søkje om å få eit tilleggslån på 26 000 kroner. Søknaden opnar i mai.

Les meir om tiltaka her

svart hånd.jpeg

Info om korona på fleire språk / Information about corona i many languages

Korona-informasjon på fleire språk fra Vestland fylkeskommune / Corona-information in different languages from Vestland fylkeskommune

Corona information

 

Brosjyre og video på fleire språk fra Folkehelseinstituttet / Pamphlet and video in different languages from Institute of Public Health

Brosjyre og video

 

Russelue.jpg

Melding frå russestyret:

Hei! Russetiden er noe vi gleder oss til lenge. Gå med russedress, finne på litt rampestreker og ha det kjekt sammen. Dessverre blir det ikke en normal russetid i 2020, slik vi hadde håpet på. Jeg forstår at dette er kjipt og ikke slik vi så for oss at RT2020 skulle bli, men helse kommer først. Derfor ber jeg alle om å følge retningslinjene som er satt, ta forhåndsregler og holde seg inne. Dersom alle gjør sin del og deltar i den nasjonale dugnaden, kan vi komme raskere tilbake til hverdagen. Kanskje dette til og med kan medføre at vi kan få en utsatt russetid? Det er viktig at vi står sammen og gjør vår del, ved å holde avstand. Dette skal vi få til, sammen!

-Kristina, Russepresident Askøy Vgs

 

Brev til russen frå Vestland fylkeskommune


Vestland fylkeskommune har skrive eit brev til deg som er russ våren 2020. Dei beklagar at arrangementet i Grieghallen 24. april og russerebusen 30. april er avlyst. Dei ber deg ta ansvar. Det betyr at du ikkje bør gå på fest, og ikkje kan møta venner på same måte som før.

Eit nytt brev frå politiet frå 16. april med forholdsreglar finn du her:

Brev til russen

Har du tatt Vg2 i utlandet?

Dersom du skulle ha fullført Vg2 i utlandet skuleåret 2019/20 og har måtte avbryte opphaldet grunna koronoavirus er det viktig at du søkjer fylkeskommunen om godkjenning av fag og skuleår. Dette kan du gjere ved å fylle ut følgjande søknadsskjema og laste opp eventuelle vedlegg.

Lenke til skjemahttps://forms.gle/JSfgaBBmbX2CaG728

Søknadsfrist: 17. mai 2020