Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internasjonal vidaregåande skule Vg2 studiespesialiserande program

Som ein del av Hordaland fylkeskommune si satsing på internasjonalisering, får eit utval elevar som går på studiespesialiserande programfag i Hordaland høve til å ta Vg2 i Erfurt i Thüringen.

Tilbodet vert administrert av Askøy vidaregåande skule, og åtte elevar får sjansen til å få ein plass på Albert Schweitzer Gymnasium. Dei vil ha fellesfag og programfag etter omtrent same reglar som i den norske skulen, og kjem tilbake til Noreg og tek Vg3 på vanleg måte. I tillegg til faga i den tyske skulen, vil Askøy vgs legge til rette for at dei skal lese norskpensumet på Vg2 . Elevane må difor førebu seg på å jobbe intensivt og gjere ein ekstra innsats òg i skuleferiane. I tillegg til å fullføre vidaregåande utdanning på vanleg tid, vil elevane få innblikk i ein ny kultur og eit anna skulesystem. Dei kan òg skaffe seg ekstra poeng ved å ta eksamen i tysk på nivå 3.

skolebygg Albert Schweitzer.jpg
Undervisinga på Albert Schweitzer Gymnasium føregår hovudsakleg på tysk, men dei har òg tospråklig undervising i nokre fag, der engelsk er undervisingsspråk. Dei obligatoriske faga er tysk, matematikk, engelsk og kroppsøving. Nokre fag kan veljast i ulike kombinasjonar, og elevane vil få råd om kombinasjonar som dei kan bygge vidare på i Vg3 for å oppfylle krava i norsk skule.
Elevane bur på internat i gangavstand frå skulen, der dei har ei internatleiing som følger opp og tek ansvar for elevane i samarbeid med skulekontoret Amt für Bildung i Erfurt.

 

Opphaldet vert finansiert med stipend frå Statens Lånekasse , og det dekker husleige og nødvendige utgifter. Elevane er dessutan forsikra gjennom fylket si elevforsikringen.
Leiinga ved Askøy vgs har ansvar for uttak, førebuing og oppfølging av elevane. Dette gjeld m.a. besøk i løpet av skuleåret, hjelp til å løyse praktiske problem og jamleg kontakt med elevar, skule og foreldre.
Etter at skuleåret i Tyskland er avslutta får elevane ei stadfesting frå skulen i Erfurt og eit kompetansebevis frå Askøy videregående skole. Etter Vg3 vil elevane få eit ordinært vitnemål frå skulen dei går på i Noreg.
Dette er eit tilbod til elevar som har tysk nivå 2 i Vg1, og elevar frå alle skular i fylket kan søkja om opptak.

 

hovedinngang ASG.jpg

Slik søker du:


Elevar søker på vanleg måte på VIGO og i tillegg på spesielle søknadsskjema, innan 1. mars. Du må òg skrive ein presentasjon av deg sjølv, der du fortel om bakgrunn, interesser og motivasjon for å gå på skule i utlandet. Elevane vert kalla inn til intervju etter at rektor på skulen der dei går Vg1 godkjenner søknaden.

Last ned søknadsskjema

 

Ta kontakt:

Koordinator
Profilbilde av Irene Lewis

Irene Lewis

Send e-post +4796907461